Thursday, January 15, 2009

Eg møtte deg på vegen



















E
Vi slo følgje eit stykke
du hadde skadd ei hand
arbeidsuhell, lite å snakke om
eigentleg
så vi snakka om veret
om ein felles kjenning
ingen hadde sett på ei stund
-----
berre restar av den gule linja
syntest på asfalten
det låg ei raud stripe i horisonten
og på eit tidspunkt
eg kan ikkje heilt huske når
ana eg at tonen du brukte
verka så underleg
lett.
-------------

( Frå mi eiga debutsamling " Anemonepust" )

10 comments:

  1. Anonymous2:31 PM

    Dette diktet har et så lavt og fint toneleie.

    ReplyDelete
  2. Et av mine aller yndlings-Irene-dikt, dette. Sterkt!

    ReplyDelete
  3. Anonymous6:17 PM

    Fint å høre, Zooey..
    Et dikt eg har et spesielt forhold til sjøl og.

    Irene

    ReplyDelete
  4. Dette er eit utruleg fint dikt, Irene.
    Det var fint å lese det igjen.

    mvh Torunn

    ReplyDelete
  5. Anonymous9:30 AM

    Takk til deg også, Torunn!

    Irene

    ReplyDelete
  6. Anonymous10:53 PM

    Så flott dette står i lag, Irene!


    Tove:-)

    ReplyDelete
  7. Synes du? Takk! :)
    Brukte litt tid for å finne et billedutsnitt som kunne brukes.
    Ettersom bildene i teksten er veldig klare, måtte jeg finne et foto som kunne være kontrast.

    ReplyDelete
  8. Fantastisk flott dikt.

    ReplyDelete
  9. Anonymous7:35 AM

    Takk skal du ha, Eva.
    Fint å se deg!
    Og gratulerer med blogg.
    Stikker sikkert innom der eterhvert.

    Irene

    ReplyDelete