Bilvraket i skogkanten
Lyktene stirer tomt. Panseret
står og gapar
som om eit formidabelt sjokk
skulle vere dødsårsaka
Å forflytte seg
er greinene si oppgåve
No veks dei inn frontruteopninga
inn i wonderbaumriket
der duftgrana enno heng og dinglar
som ein siste, seigliva draum
innanfor rustkraniet
2 comments:
gap opp
skynd deg renne
tugga svelgje for stor
annan tak over takk seier
rusten
*takkforturentapas*
:-)
Post a Comment