Støypest vatn mot berg eller
ser eg steinplogen
pløye i elv-
fjellet er sjølv ein forsteina straum
inne frå klodens djup
vatnet vart fødd av usynleg dogg
oppunder himmelens kvelv
dei valde begge sin tyngre form
slik fekk mitt auge sjå
at tanke og vit er bakom og før
der sansane fata
i stein og i straum
Stødige klippe
stå straumen imot
elveflaum
føye seg mildt inntil
om steinen vil breste og smelte igjen
vatnet forfrysa til is
dei vert inne i Altet
frå det eg sprang ut og finst i
der tanke og auge kan prove
eg skapar mi verd for undring og syn
ser det skrive i vatn og stein
det blir og det er
Alt og Ein
Jostein Åsali-02
6 comments:
Så flott dette var!
Takk for at du deler, Irene.
om steinen vil breste og smelte igjen
vatnet forfrysa til is
dei vert inne i Altet
frå det eg sprang ut og finst i
Takk!
Et dikt jeg er veldig glad i, og som jeg lenge hatt lyst til å lete opp et bilde til.
Utfordringa er å finne et bilde som ikke antyder og sier det samme som teksten, men utfyller den.
Akkurat nå har jeg landet på denne løsninga :-)
Nydelig. Jeg savner virkelig bloggen til Jostein!
stilla
seier det best
steinen i botnkvile
sonen heimkomen striden løyst
sorgglad
*tapastakk*
Er glad du likte bildet, Jostein.
Det er Karesuando-elven som renner stille her. Tok bildet i sommer.
Ellers er jeg enig med Anita: Bloggen din er savnet!
Et fint dikt, dette.
Kj.
Post a Comment