-----------------------------------------
Å falle ut av tankar, kanskje aldri verte funnen. Eg burde
ikkje ha sett så mykje ut gjennom vindauga, utover landskap
og byar. Burde ikkje ha reist med toget, sett så mange bilete:
engene langsmed linja, kyrne, dei gule kornåkrane, dei kvite
husa, telefonstolpane, straumlinjene som knyter byane
saman, graffitien, fargane, skjellsorda på murar, på
plankegjerde når toget nærmar seg stasjonane. Alt det eg
tenkte medan eg sat i kupeen, medan landskapet flaut forbi,
det er allereie mista.
(Fra Anita A. Pedersens diktsamling: " Ein morgon vaknar eg ved Egearhavet", Wigestrand Forlag. )
3 comments:
Takk for oppmerksomheten :)
Bare hyggelig!
Er veldig glad i det diktet.
Irene
Og i dag så jeg en fin anmeldelse av boka di på trykk i Nordnorsk Magasin!
:)
Post a Comment