Monday, February 02, 2009

Lærervikaren


Det finnes bemerkelsesverdig mange lærervikarer i norsk skjønnlitteratur for tida. Hva nå det måtte komme av. Under kan dere lese tre utdrag fra bøker som kom ut i 2008. I tillegg har jeg en lærervikar med i min egen diktsamling fra fjoråret.

****************

-Dette er Ove Kvamme, vikaren!
Ragnhild er ei slik ei som tek på folk. Ho har varme,
små hender. Ho held den eine handa mi, og med den
andre skyv ho meg svakt i ryggen. På den måten flyttar
ho meg rundt som ei buktalardokke. Slik styrer ho altså
denne skulen. Med mjuke, faste hender. Eg må handhelsa
på alle. Eg er ikkje nokon handhelsemann. Det er ein
uskikk å utveksla bakterier med folk på denne måten
.

( Fra Jens K.Styve: "Eg, Ove Kvamme", Cappelen Damm)


-Ingunn, seier Sveinung att, som om han vil sutte på
namnet, held det i munnen slik, lener seg bakover i stolen
og legg føtene over kvarandre ved siden av bordbeinet,
-fekk eit års vikariat i musikk på Indalsvik ungdoms-
skule. Kom reisande med bussen frå Bergen kvar dag.
Kjempedyktig jente! Ingunn spelar seks instrument, seier
han stolt liksom, - altså slik skikkelig. Ho var ein nokså
fersk lærar da ho kom, og eg hjelpte henne litt i gang. Ja,
berre viste ho rundt på skulen og slik, kvar ho kunne
finne alt, korleis kopimaskina verkar og slike ting, ...

( Fra Reidun Elise Foldøy: "Ein stad å møtast", Aschehoug)


...Tilbake som vikar i det gamle klasserommet, skal ha
ein femteklasse i engelsk og det burde gå greitt. Eg har
fått ein detaljert plan frå læraren, ein oskegrå type eg
ikkje har noko minne om, og eg skriv gloser på tavla, får
eit par av elevane til å lese opp replikkane til ein tekst, eit
slags skodespel, det handlar om ein katt som sit fast i eit
tre, banalt og solskinsaktig, slik eg hugsar det frå bøkene
på barneskolen.

( Fra Rune H. Hjemås: " Eg er ikkje redd, eg er ikkje redd", Samlaget)

No comments: