Saturday, October 10, 2009

Fra "Passasje" ( Paal-Helge Haugen)

DETTE ER DAGEN med dei døde i gatene. Ei gammal venn-
inne som snur seg og ser på deg, over skuldra, medan ho
står og ventar på trikken, ho har vore død i ti år, framleis
dei same brillene, det same blikket som alltid har sett tvers
gjennom deg og den same håplause alpelua i ein lang urør-
leg augneblink før ho trekker seg attende inn i andletet til
den som viste seg å vere ein annan og stig på trikken og
løyse billett.


( Passasje er bok III av Kvartett 2008 )

No comments: