Saturday, October 20, 2007

Bleike eldsjeler flyt ut av novembermørket
og inn i flomlysfelta
frå treningshallane

inn i ein halvsylindra akustikk
der ropa treff veggar og
sprett tilbake igjen

Mødrene voggar ut av Rimi-butikkane
med bekkenløysing og
sprengde bæreposar

Du introduserer deg sjølv
skriv deg inn langs ei tråkla asfaltstripe
Vindmålaren på brua er erigert og
rutebussen sprutar sørpe oppetter leggane dine

Og du kjem plutseleg på eit namneopprop
frå den gangen alle søndagsskolebarn
fekk gullkanta diplom
for trufast oppmøte.

Utskrifta av ei saksliste
ligg bretta i skulderveska
og bremselysa framfor rundkjøringa
blir eit altfor tydeleg symbol

No comments: