"Og det er den klassereisandes evige erfaring: Du kjem aldri heilt fram til den nye plassen, til den nye sosiale og kulturelle klassen du utdanningsmessig, verdimessig og kunnskapsmessig tilhøyrer, men du kan heller aldri komme heilt heim igjen. Og det siste er det mest smertefulle. Å vera klassereisande er å leva sitt liv i spennet mellom det som var og det som er. Ein er eit menneske
i bevegelse, og slik sett eit moderne menneske, men ein lever livet sitt i eit slags eksil, bortanfrå det sjølvsagte som ein reiste frå, og aldri heilt framme ved det som er sjølvsagt for dei ein no er saman med."
( Lars Ove Seljestad, Klassekampen 29.mai)
Vi kan ikkje stole på USA lenger
5 weeks ago