Saturday, January 05, 2008

Jaan Kross: Songen om reinsinga av ein skrivemaskin. ( Baksidedikt i Dag og Tid denne uka.)

Eg ville går i gang med eit stort dikt
om ein ikke så veldig stor ting.
Kanskje var det derfor
eg fekk lyst til
å reinse typane godt.
Skikkeleg reine.

Då eg hadde børsta typane, prøvde eg dei
på kvitt papir:
qwertyuiopå
asdfghjkløøæ
zxcvbnm
29 stykke
og tykte at det store diktet om den vesle tin-
gen
trong eg nok ikkje skriva
når eg no hadde fått
eit ferdig lite dikt
som jo hadde alle andre i seg.
Som hadde alt i seg.

Alt.

No comments: