Sunday, February 03, 2008

Til minne om Marie Takvam 1926- 2008


Ho var ein av dei flottaste lyrikarane eg veit om.

*
Cecilie N.Seiness skriv i slutten av sitt minneord i Dag og Tid denne uka:
Rause, varme Marie Takvam er borte, ho er død, men ho frykta ikkje.
" Menneske som har fått leva så sterkt som eg, møter døden lettare.
Eg har teke til meg av livet det eg kunne, då er heller ikkje livet så mykje meir", sa Marie Takvam.



REISE SEG ( Frå samlinga Falle og reise seg att, 1980)

Den som aldri har lege oppskrubba i utforbakkar,
aldri har halta med gips rundt ankelen,
aldri falle for smil frå lepper
som løynde hoggtenner og blitt oppgnaga nær inntil døden
aldri har vandra i glede mot utstrekte hender
som greip hardt og slo - funne seg liggande i blod
einsam på jorda,
aldri har gått seg vill i skremmande skogar
på leiting etter ein blome med ukjent namn
aldri har stupt i trapper av rusgifter
og svimla i svermar av ukjende stjerner,
har aldri kjent den umåtelege glede
ved å kunne reise seg att, falle og reise seg att,
finne att den første veldige siger langt, langt
tilbake i ein barndom som tida har raka oske over.

Som eingong langt tilbake i urtida, kravlar
eg meg opp på jorda att, først på hender og kne
så står eg på eigne føter og kan gå!

3 comments:

tomy said...

Å ja, Marie.
Ho var det først, i lag med Inger.

jo li said...

den tid
ønskediktet
mjuke stemmen sterke
mest så eg trur ho gjorde meg
gravid


*tilminnestapas*

Torgeir said...

Flott dikt. Jeg leter etter diktet "Kva kan eg seie deg, barn" fra samme samling. Kanskje noen av der ute kan sende det til meg?

Hilsen Torgeir
telvsaas@gmail.com
lagt inn:17.05.08