Tuesday, July 26, 2005

Kortbølgjelys













Du forklér deg
med algar på ryggskjoldet
krabbar ned i tussmørkesonen
auget er ei manet
sper ut vevet med vatn
utsida av halsen kjennast hard og ruglet
som når rur klamrar seg fast
til lyssida av ein betongpåle
I brenningar
bør ein motstå impulsen
til å symje mot nærmaste land
du lukkar skalet
forankrar deg
med trådar til underlaget
samlar avstanden i ein knute.

5 comments:

hanjostein said...

av hav
er du komen
i vatn du blir du sym
til eit feste slår rot ventar
fødast
til pust
men den strøyper
i tussmørkesonen
betre med manetauge sjå
avstand
knuten
mangtråda segl
om kvantesprangs tanke
alt i det tallause telje til
Ein

* kortbølgja trippel-tapas-hylling *

irelars said...

Et langbølget tapas, ville jeg sagt at dette var :)

Takk!!


Irene

tomy said...

Grøsser litt når jeg leser dette.
/sper ut vevet med vatn/ - det er godt (og ekkelt på en bra måte) skildra, du. Fortetta dikt. Må leses sakte linje for linje.

ps: Gemal skryt av bildan dine!

tomy said...

pssst: gemalEN....

irelars said...

Tove: Ja, det ble fortettet, som det meste annet jeg skriver. Holder på å øve meg på å skrive lengre linjer, men de spretter i hop igjen.

Hils din gemal og si takk i like måde!
Har sett en del av hans foto i avisa Nordlys.
(En gang for tjueto år siden tok han faktisk bilde av meg til Nordlys. Meg og en trombone :))


Irene
eks-messingblåser