Friday, August 26, 2005

Medan du fører ein tenkt samtale









Du flyndrar ein stein
medan du fører ein tenkt samtale

den fer i spenstige kast, det heng
bogar attende i lufta.

Ei bølgje krummar nakken
svelgjer steinen, som ein oblat

formasjonane du kjenner att
stivna, og ei stor rørsle

ventande. Tanken si einsemd
velta innover land.

5 comments:

Nabodama said...

Dette diktet har jeg omtalt i rosende vendinger før. Så flott det står til bildet! Ei lang, god bølgje. Og at de tenkte samtalene kan gi gode dikt, beviser du her.

HeNo said...

Jeg har også kommentert denne teksten før.
Synes bildet passet perfekt.
Neste bokprosjekt?

Anonymous said...

bogar
heng i lufta
skriv at du sa du var
flyndrestein gladsprett nedsøkt
eten
oblat
soning og trøyst
for smerte og einsemd
bølgjesvar beinkar bogar til
line
tanken
druknar i hav
dreg blått frå sin blåne
til skjul for dei svar det inkje
blei av

*trippeltrøystetapastakk*

Irene Larsen said...

Kor snilt av dokker å kommentere det her diktet på nytt. Tusen takk alle fire !

Måtte bare se korsen det fungerte i lag med bølge-bildet.

Frk. Hansson: Det her e nok ikke neste bokprosjekt :)Har visst nok med å få det første i havn foreløpig!

Jostein: / Bølgjesvar beinkar bogar til line../Din evne til å oppfatte, assosiere og billedliggjøre, e unik, og her blei eg imponert! Takk!!


Irene

Anonymous said...

medan eg fører ein tenkt samtale ..
skrive liner
rekker av ord
dei brytest av
nokre blir butte lemer
andre vil ingen ende ha
blir til lange slep

vendinga biletteke støypt
to liners akter:

ein stein / ein samtale
spenstige kast / hengande bogar
bølgje krummar nakken / svelgjer stein
formasjonar / rørsle
venting / velting
----------------------

for meg er dette berre meisterleg gjort
ikkje berre finn eg att den klassiske symfonien si
bygningsteikning
men også biletlegginga så vel i foto som diktoppsettet

men det grepet som aldri vil sleppe meg
er det dobbelte i 'vendinga' samtidig bort og inn
kastar stein / tenkjer samtale
og vidare slik eg har skissert ovafor
i eit stadig stigande crescendo
idet steinen blir oblat (nattverdbrød)
transsubstansinasjon
alle rørsler stivnar i ein gigantisk tankeformasjon
idet alt vender seg forklåra om i ein presis coda:
- einsemd -

mysteriet her må ha noko med det å gjere at
dette mest frykta i vår eksistens
blir gjort til ein møtestad